Elg på besøk

Har hatt storbesøk i hagen på landet. Elgen var innom og sjekka tilhøva, men ljos og lydar frå huset fekk fart på honom. Berre spora var att da Sara og eg gjekk kveldsturen i kaldt, klart ver seint i går kveld.

Årets første vårteikn?

Det første som møtte meg da eg kom ut i dag, var ei kråke som bada i den næraste søledammen. Artig oppleving- dessverre hadde eg ikkje med kamera.

Amaryllis

Jula er rydda ut, men amaryllisen gler oss med sine blomster enda nokre dagar.  Her er ei lenkje for å gje den best mogleg stell: http://www.bogront.no/temasider/jul/111-amaryllis-elegant-sor-amerikaner

Godt nytt år!



Julekjerringa med grautbollen er med inn i det nye året og.

2011 i 365 dagar! Mange blanke dagar som kan fyllast med opplevingar både inne og ute!   Ljosare tider for turer og  for planlegging og opparbeiding av hage. Hagen i Karistugu utanfor byen har stått ubrukt over fleire år – så der blir det «nydyrking» for å blir kvitt røtter av ulike tre som har sådd seg der…. Utgang fra kjøkken til terrasse med peis er eit ynskje!

Julelunsj

Lang lunsj med famile i dag. Triveleg!