Snekkersignaturar som kom fram under oppussinga

unnamed (1)

Denne var på kjøkkenet og den under på stugu.

unnamed

Tak på kjøkken og stugu

Tak

Har brukt plater med V-fas mellom åsane i taket og. Målingen på åsane er fjerne og dei skal få vere nærast mogleg slik dei er.

Og så var det stugu sin tur…

IMG_4556 IMG_4558 IMG_4565

Kjøkkenskap på plass

Kjøkkenskap 1 Kjøkkenskap 2

Og så er kjøkkenskapa nesten på plass. Kjøkkenet er gjenbruk.

Tømmervegg

121

Den eine veggen som ikkje treng ekstra isolasjon skal få vere tømmervegg. Må vise fram noko at det opprinnelege i huset og.

Veggen mot sør tek form

118

Har valgt å bruke ferdigmala plater med V-fas på veggane da det frå før er brukt V-fas-panel på fleire vegger.

Før start av oppussing av kjøkken

Gamalt kjøken før riving 2Gamalt kjøken før riving 1

Slik såg det ut før rydding og riving.

Bygging av nytt gamalt inngangsparti

 

 

Omsider blir det gamle inngangsparti satt opp att. Det blir godt å få overbygg over inngangsdøra for vinteren. Og frokostplass under tak ute.

Inngangsparti a 01082014

Inngangsparti b 01082014

Mimring frå sommaren

20130928_125943

I løpet av sommaren vart det ny plen samt at det vart ny drenering på halve huset. Det vart omsider måla og det vart nytt strøminntak.

Kunst-tuff

Synest det er fint med små fjellplanter og har planer om å lage kar i kunst-tuff til å plante dei i – og nå har eg omsider funne oppskrift på det:

2 delar torv

1 del sement

3 delar grov sand

Dette skal blandast som når ein blandar sement. Her kan ein og blande i måling om ein vil ha ei bestemt farge.

Denne blandinga kan formast både til steinar og andre figurar. Større ting må forsterkast med  f eks hønsenetting. Om ein vil lage plantekar så hugs å lage dreneringshol i botnen!

Og om ein vil ha mose til å vekse på utsida – så smør ein på yoghurt.