Karistugu (Singsås)

Dette er eit lite småbruk frå 1920. Namnet «Karistugu» har det fått ei som budde her.

Det opprinnelege huset er tømra i to etasjer med kjøkken , stue og ein liten gang i første og to soverom i tillegg til trappeoppgang i andre.

Det vart bygd attåt ca 1978 da det vart lagt inn bad og eit soverom i første etasje og to soverom og eit toalett i andre . Samstundes vart det skifta vindauge og sett inn tidsriktg dør.

Heldigvis har eigarane teke vare på mykje av det opprinnelege i huset her. Den doble gamle ytterdøra sto i uthuset. Det same gjer alle dei gamle vindaugene – dessverre utan karmar, men kanskje det kan bli eit drivhus av dei likevel?? Det som har vore eit sveitserinspirert inngangsparti er og teken vare på – og gjer at eg har veldig lyst til å få sett opp att dette framfor inngangen. Det hadde vore praktisk med tanke på vinter og snø og skjerming av inngangsdøra og.

Det knyter seg små spennenande historiar til huset her – bla er det fortalt at det ei tid var utlånsbibliotek for bygda her.

Mange av blogginnlegga rundt hus er frå her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: