Mimring frå sommaren

20130928_125943

I løpet av sommaren vart det ny plen samt at det vart ny drenering på halve huset. Det vart omsider måla og det vart nytt strøminntak.

God nyheit!

Medan vi venter på vår og sommar så kjem det godt nytt:

NRK melder at «Frå og med måndag innfører EU forbod mot bruk av tre ulike sprøytemiddel som kan stå bak massiv biedød.» Sjå her: http://www.nrk.no/viten/forbod-mot-biedod-sproytemiddel-1.11387087

Bie og solsikke - Planteverngifter brukt på blant anna solsikker er vist å kunne medverke til biedød gjennom å skade nervesystemet deira. - Foto: PHILIPPE HUGUEN / NTB Scanpix

 

Oliventre

????????????????????????????

er eit av dei finaste trea eg veit om – og har lenge hatt lyst til å plante eit. Det på biletet over er frå Villa Joyosa i Spania. Men fornufta har vunne over lysta så langt. Med ein «tom» hage er det nye moglegheiter så nå held eg på og leitar etter noko som liknar som tåler både snø og kalde. Har funne to – den eine er sølvpila. Den blir stor og har eit kraftig rotsystem. I bloggen «Mellom himmelen og havet» (http://smgj.wordpress.com/about/ ) finst dette biletet av sølvpil:

Den andre er russisk oliven / Oleaster. Høyrest ut som meir passeleg storleik – og tåler kalde.

Caspica5

Her er bilete og meir informasjon om den frå http://www.hageplanlegging.com/russisk-oliven-for-middelhavshagen-din

Steinlykt i hagen

Arvid som har bloggen «Se min hage» har laga ei spennnade lykt!

Sjå  http://blogg.aftenbladet.no/hage/2013/08/29/med-stein-skal-landet-bygges/#.UiHMuBvJZHc for detaljer om korleis den er laga. Synest som ein god ide for den som har stein til overs i hagen,

Lykkefund

SAMSUNG CSCventer på plass i hagen.

Plen!

Det tek til å bli grønt att etter «storrenovasjon» av plena i sommar.  Det er nesten som «Du ska få en dag i måra som rein og ubrukt står med blanke ark og farjestifter tel,,,,»   Mange forventningar og tankar rundt korleis det skal bli sjåande ut etter kvart.

Nysådd plen

Middelhavsklima i Nordland

http://naturhuset.blogg.no/ er ein spennande blogg å følgje. Denne familien bygger eit veldig spesielt hus.

Gode gartnerier i Trondheim

Her er et par gode alternativer til Plantasjen i Trondheim:

http://www.ladeslettahage.no/

http://www.drivstua.no/

Titt titt ….

her er jeg!

Denne vart planta i fjor sommar – og har heldigvis ikkje skjøna at den eigenleg ikkje skulle vekse her. Sjå http://www.nrk.no/programmer/tv/gronn_glede/planteguiden/?action=Plant&plantId=2924 for meir informasjon.

Kunst-tuff

Synest det er fint med små fjellplanter og har planer om å lage kar i kunst-tuff til å plante dei i – og nå har eg omsider funne oppskrift på det:

2 delar torv

1 del sement

3 delar grov sand

Dette skal blandast som når ein blandar sement. Her kan ein og blande i måling om ein vil ha ei bestemt farge.

Denne blandinga kan formast både til steinar og andre figurar. Større ting må forsterkast med  f eks hønsenetting. Om ein vil lage plantekar så hugs å lage dreneringshol i botnen!

Og om ein vil ha mose til å vekse på utsida – så smør ein på yoghurt.