Grøbarø

er ei heimelaga blanding for å få unna lus og andre uønska krek på planter og blomster.

Oppskrifta er:

2 spiseskeier grønsåpe

2 spiseskeier bakepulver

2 spiseskeier raudsprit

1 l vatn

Bland saman og ha i dusjeflaske.

Oppskrifta er lånt frå Tor Småland si bok Hagehåndboka

Fuglebad

Dette var det både artig og spennande å lage! «Oppskrift» fann eg her:  http://www.overthegardengate.co.uk/userpages/pp_view.asp?FName=Pauliens%20Leaves&Page=1

Eg brukte drill til å blande med – og så langt har eg ikkje prøvd å blande i måling for å få farge – men det skal prøvast!

Regnbed

Har vore på Risvollan og sett på regnbedet som er laga der. Spennande måte å bruke regnvatn på i staden for at det berre skal lage flaum i avløpssystemet.  Det er ikkje så mange regnbed i Norge enda, men det blir nok fleire! På Risvollan er det og planlagt eit større eit. Arbeidet med dette er ikkje starta enda.

Er spent på kva Kim Paus ved NTNU kjem fram til. Han skal ta dr grad på dette.

Sjå http://www.risvollan-borettslag.no/%5Cpublic_files%5Cdocs%5CRegnbed_info.pdf og

http://www.regjeringen.no/upload/subnettsteder/framtidens_byer/Trondheim/Regnbedinfo.pdf for meir info.

Slik såg det ut på Risvollan i dag.

This slideshow requires JavaScript.

Roser…

Kom over denne nettstaden: http://www.roseexpert.no/ som har ei god oversikt over ei mengde roser med bilete og kort omtale inkl vekstkrav og herdighet på kvar. Importerer og sel roser.

Gammel hage på kysten

Dette er lenke til ein gammal hage på Fosen. Har ei eiga liste for gamle roser. http://www.stadsbygdhageogkultur.no/rosehagen.html

Planteguide

NRK har ei grei planteguide. Berre sjå her: http://www.nrk.no/hage/

Herdighetssoner

Fint med vår og forventingar og  plantetid. Men kva slag klima tåler plantene? BoGrønt har eit bra klimasonekart: http://www.bogront.no/klimasonekart