Regnbed
21/08/2011 Kommenter innlegget
Har vore på Risvollan og sett på regnbedet som er laga der. Spennande måte å bruke regnvatn på i staden for at det berre skal lage flaum i avløpssystemet. Det er ikkje så mange regnbed i Norge enda, men det blir nok fleire! På Risvollan er det og planlagt eit større eit. Arbeidet med dette er ikkje starta enda.
Er spent på kva Kim Paus ved NTNU kjem fram til. Han skal ta dr grad på dette.
Sjå http://www.risvollan-borettslag.no/%5Cpublic_files%5Cdocs%5CRegnbed_info.pdf og
http://www.regjeringen.no/upload/subnettsteder/framtidens_byer/Trondheim/Regnbedinfo.pdf for meir info.
Slik såg det ut på Risvollan i dag.