Oliventre
31/08/2013 Kommenter innlegget
er eit av dei finaste trea eg veit om – og har lenge hatt lyst til å plante eit. Det på biletet over er frå Villa Joyosa i Spania. Men fornufta har vunne over lysta så langt. Med ein «tom» hage er det nye moglegheiter så nå held eg på og leitar etter noko som liknar som tåler både snø og kalde. Har funne to – den eine er sølvpila. Den blir stor og har eit kraftig rotsystem. I bloggen «Mellom himmelen og havet» (http://smgj.wordpress.com/about/ ) finst dette biletet av sølvpil:
Den andre er russisk oliven / Oleaster. Høyrest ut som meir passeleg storleik – og tåler kalde.
Her er bilete og meir informasjon om den frå http://www.hageplanlegging.com/russisk-oliven-for-middelhavshagen-din