Flittig gartner
30/07/2011 Kommenter innlegget
Artig hjelp i hagen. Lurer på om eg skal få meg ei slik ei!
Livet – med hus, hage, dyr og noko attåt
30/07/2011 Kommenter innlegget
Artig hjelp i hagen. Lurer på om eg skal få meg ei slik ei!
30/07/2011 Kommenter innlegget
Var ute på tur og fann noko eg trur er sverdlilje. Den er nå på plass i hagen etter at den hadde fått hard medfart av ein kantklippar. Prøver den i vatn her…
30/07/2011 Kommenter innlegget
Var så heldig og få eit gjerde som nokon skulle kaste. Har sett det opp som eit skilje frå «flaggstang-hagen» til den delen som skal innehalde grønsaker, poteter og urtebed mm. Mangler klatreplante og steinar under gjerdet opp skråninga. Og så skal gjerdet etter kvart målast kvitt.
26/07/2011 Kommenter innlegget
Vil gjerne ha litt rennande vatn i hagen. På veggen ved frokost-plassen og ved sida av villvinen drøymer eg om ei slik fontene…..
Bilde frå http://brabo.no.24nb.serversenter.net
26/07/2011 Kommenter innlegget
Har planer om å fjerne taket i eine rommet i andre etasje for å kunne bruke takhøgda på loftet. Rommet har vindauger til både nord, øst og sør. Det skal bli et «tenkerom» / sakralt rom her i dette huset som ellers har små rom med lav takhøgde. Og da synest eg at den einaste kvinnelege norske helgenen skal få plass der.
Bilde: http://butikk.nidarosdomen.no/itemImages/49_251_0_l.jpg
19/07/2011 Kommenter innlegget
nesten som i hagen hjå bestemor…. Ser nesten kunstig ut med sine skarpe farger og «sukker» på blada. Men viser at den er levande med å berre vise blomsterfargene når det er sol.
17/07/2011 Kommenter innlegget
eller «Kjekskake de Luxe med makroner og bær» som den er omtala som i bladet Isabellas. Oppskrifta er nok til 10 personar.
Kok opp 3 dl kremfløyte i ein kjele. Hakk 300 g mørk sjokolade, smelt den i den varme fløyten og bland godt saman. Kle ei lita brødform (ca 1 l) med bakepapir. Fordel ca 1/3 del av 120-150 g makroner i botnen av forma. Smør 1 ss bringebærsyltetøy over makronene og hell om lag 1/3 av sjokolademassen over. Gjer dette 2 gonger til slik at det totalt blir 3 lag med makroner, bringebærsyltetøy og sjokoladeblanding. På toppen skal det vere 100 g blanda bær (bringebær, blåbær og bjørnebær). Sett kjøleg 5–6 timer.
Bringebærsyltetøyet kan erstattast med appelsinmarmelade, og makronene med «ladyfingers».
17/07/2011 Kommenter innlegget
Skyll og skrell ( berre det tynne gule laget) 9 usprøyta sitroner . Press ut safta og ha den og skalet i ein kjele saman med ca 400 g sukker og 3 dl vatn. Kok opp og la det småkoke i vel ein halv time. Smak til med meir sukker / sitron. Avkjøl og la den trekke med skalet over natta før det skal silast av. Fyll på flaske. Blandast om lag 1:3 med vatn og isbitar. Minner om tida eg var i Midt-Austen!
17/07/2011 Kommenter innlegget
God oppskrift på salat til grillmat :
Rens grønnsakene og finsnitt kålen. Gulrot og eple rives på rivjern
Bland majones sammen med creme fraiche, sitronsaft, sukker, H.P. sauce, finhakkede sylteagurker, salt og pepper.
Ha sausen i de finsnittede grønnsakene og bland godt.
Foto: http://www.mat.no