Fleire planter til Karistugu-hagen

Stengetid på gartneri betyr rimelege planter. Her er noko av det eg fann på siste opningsdagen for sesongen på eit mindre gartneri i Trondheim.

Er spent på om desse klarer seg her på Singsås!  Dei har fått plassar i hagen som skal gje dei så gode sjanser som mogleg. Klematisen har fått plass ved klatrebogen inn mot bakhagen – der er det ganske lunt og både jord og soltilhøve skal gje den bra veksttilhøve. Peonen har fått plass i nærleiken av flaggstanga – der er det bra jord for den på denne ellers så sandfylte plassen. Alfred fekk plass mellom furuene i nærleiken av den mest brukte uteplassen.

Kommenter innlegget