Oppussing av trappa i byen
14/08/2011 Kommenter innlegget
Omsider har vi fått lagt nytt belegg i trappa på Solvang – frå kjellar til loft. Har dessverre ikkje før-bilete, men det var ljost slitent vibylbellegg frå kjellar til 1.etasje og vegg-til-vegg teppe -som ein gong var ljost- vidare opp til loftet.
Valgte å bruke eit ganske mørkt belegg. Synest det er fint med kontrasten mot det ljose ellers. Det er lett å vaske og det viser ikkje så lett skitt på det. Og same farge og materiale i heile trappa gjev ei fin heilheit i oppgangen.