Rabarbratid betyr «Rabarbrakake»

Deig:

Pisk saman 125 g smør og 2 dl sukker til smørkrem.  Tilset 2 egg – eit om gongen. Bland inn 3 dl kveitemjøl, (2 ts vaniljesukker) og 1 ts bakepulver. Det blir finast om det tørre siktast først. Ha deigen i rund form på ca 22 cm.

Fyll:

Del 150 g renska rabarbra ( ca 3 stilkar) opp i små bitar som du stikk ned i røra. Strø over 2 ss sukker og 1/2 ts kanel.

 

Steik ved 180 gr i ca 45 minutter.

Server gjerne lunken med krem eller vaniljeis til. Kaka kan og frysast.

(Har ikkje prøvd, men trur den vil vere god med ostekrem på…)

Kommenter innlegget