Seint ute?

Håper denne tåler klimaet her! Triveleg med roser i blomst – men er litt bekymra for netter ned mot frost….

 

 

Finvèr i byen

Beviset på solskin i Trondheim!

Fleire planter til Karistugu-hagen

Stengetid på gartneri betyr rimelege planter. Her er noko av det eg fann på siste opningsdagen for sesongen på eit mindre gartneri i Trondheim.

Er spent på om desse klarer seg her på Singsås!  Dei har fått plassar i hagen som skal gje dei så gode sjanser som mogleg. Klematisen har fått plass ved klatrebogen inn mot bakhagen – der er det ganske lunt og både jord og soltilhøve skal gje den bra veksttilhøve. Peonen har fått plass i nærleiken av flaggstanga – der er det bra jord for den på denne ellers så sandfylte plassen. Alfred fekk plass mellom furuene i nærleiken av den mest brukte uteplassen.

Flittig gartner

Artig hjelp i hagen. Lurer på om eg skal få meg ei slik ei!

Sverdlilje

Var ute på tur og fann noko eg trur er sverdlilje. Den er nå på plass i hagen etter at den hadde fått hard medfart av ein kantklippar. Prøver den i vatn her…

Gjerde mot «bakhagen»

Var så  heldig og få eit gjerde som  nokon skulle kaste. Har sett det opp som eit skilje frå «flaggstang-hagen» til den delen som skal innehalde grønsaker, poteter og urtebed mm. Mangler klatreplante og steinar under gjerdet opp skråninga. Og så skal gjerdet etter kvart målast kvitt.

Fontenedrøm ved frokostplassen

Vil gjerne ha litt rennande vatn i hagen. På veggen ved frokost-plassen og ved sida av villvinen drøymer eg om ei slik fontene…..Bilde frå http://brabo.no.24nb.serversenter.net

 

 

 

Fleire vekster i blomst

Middagsblomster

nesten som i hagen hjå bestemor…. Ser nesten kunstig ut med sine skarpe farger og «sukker» på blada. Men viser at den er levande med å berre vise blomsterfargene når det er sol.

Spor etter bever