MC-tur over Riasten via Stugudal og Glåmos til Singsås

Finver og motorsykkel høyrer og samen. Her er nokre bilete frå ein tur sist veke. (Bileta blir større om du trykker på dei.)

Pause i Stugudal med lokal is

Ved stopp på utkikkspunkt kom desse forbi.

Her er kart:

Flittig gartner

Artig hjelp i hagen. Lurer på om eg skal få meg ei slik ei!

Sverdlilje

Var ute på tur og fann noko eg trur er sverdlilje. Den er nå på plass i hagen etter at den hadde fått hard medfart av ein kantklippar. Prøver den i vatn her…

Gjerde mot «bakhagen»

Var så  heldig og få eit gjerde som  nokon skulle kaste. Har sett det opp som eit skilje frå «flaggstang-hagen» til den delen som skal innehalde grønsaker, poteter og urtebed mm. Mangler klatreplante og steinar under gjerdet opp skråninga. Og så skal gjerdet etter kvart målast kvitt.

Fontenedrøm ved frokostplassen

Vil gjerne ha litt rennande vatn i hagen. På veggen ved frokost-plassen og ved sida av villvinen drøymer eg om ei slik fontene…..Bilde frå http://brabo.no.24nb.serversenter.net

 

 

 

St. Sunniva

Har planer om å fjerne taket i eine rommet i andre etasje for å kunne bruke takhøgda på loftet. Rommet har vindauger til både nord, øst og sør. Det skal bli et «tenkerom» / sakralt rom her i dette huset som ellers har små rom med lav takhøgde. Og da synest eg at den einaste kvinnelege norske helgenen skal få plass der.

 

Bilde: http://butikk.nidarosdomen.no/itemImages/49_251_0_l.jpg

 

 

Fleire vekster i blomst

Middagsblomster

nesten som i hagen hjå bestemor…. Ser nesten kunstig ut med sine skarpe farger og «sukker» på blada. Men viser at den er levande med å berre vise blomsterfargene når det er sol.

Sjokoladekake utan steiking

eller «Kjekskake de Luxe med makroner og bær»  som den er omtala som i bladet Isabellas. Oppskrifta er nok til 10 personar.

Kok opp 3 dl kremfløyte i ein kjele. Hakk 300 g mørk sjokolade, smelt den i den varme fløyten og bland godt saman. Kle ei lita brødform (ca 1 l) med bakepapir.  Fordel ca 1/3 del av 120-150 g makroner i botnen av forma. Smør 1 ss bringebærsyltetøy over makronene og hell om lag 1/3 av sjokolademassen over. Gjer dette 2 gonger til slik at det totalt blir 3 lag med makroner, bringebærsyltetøy og sjokoladeblanding. På toppen skal det vere 100 g blanda bær (bringebær, blåbær og bjørnebær). Sett kjøleg 5–6 timer.

Bringebærsyltetøyet kan erstattast med appelsinmarmelade, og makronene med  «ladyfingers».

Lemonade med sitron

Skyll og skrell ( berre det tynne gule laget) 9 usprøyta sitroner . Press ut safta og ha den og skalet i ein kjele saman med ca 400 g sukker og 3 dl vatn. Kok opp og la det småkoke i vel ein halv time. Smak til med meir  sukker / sitron. Avkjøl og la den trekke med skalet over natta før det skal silast av. Fyll på flaske. Blandast om lag 1:3 med vatn og isbitar.  Minner om tida eg var i Midt-Austen!