Tabouleh
12/07/2012 Kommenter innlegget
er ein libanesisk salat der mynte er ein av ingrediensane. Kvar husmor har si oppskrift.
75 g burghul (knuste kveitekorn) skyll og bløyt i fleire vatn.
1 agurk, skrelt og skore i småbitar
4 tomater skore i småbitar
1 grøn paprika rensa for frø og skore i småbitar
1/2 lauk småhakka – kan erstattast med vårlauk
4 ss hakka persille
2 ss hakka mynte
1 ts salt
Saft av 2-3 sitroner
4 ss olivenolje
1 kinakål reve i småbitar. Ta av nokre blad som du bruker til å «kle» bollen med på innsida.
Bland dei oppdelte grønsakene med persille, mynte og burghul før du blandar inn sitronsaft, olivenolje og salt. Bland godt saman og la det stå i 15 minutter. Smak til om behov. Tøm salaten i bollen som er kledd med kinakålblad.
Blir servert med kinakålblad eller pitabrød.
Denne porsjonen rekk til 6-8 porsjonar.