Tabouleh

er ein libanesisk salat der mynte er ein av ingrediensane.  Kvar husmor har si oppskrift.

75 g burghul (knuste kveitekorn) skyll og bløyt i fleire vatn.

1 agurk, skrelt og skore i småbitar

4 tomater  skore i småbitar

1 grøn paprika rensa for frø og skore i småbitar

1/2 lauk småhakka – kan erstattast med vårlauk

4 ss hakka persille

2 ss hakka mynte

1 ts  salt

Saft av 2-3 sitroner

4 ss olivenolje

1 kinakål reve i småbitar. Ta av nokre blad som du bruker til å «kle» bollen med på innsida.

Bland dei oppdelte grønsakene med persille, mynte og burghul før du blandar inn sitronsaft, olivenolje og salt. Bland godt saman og la det stå i 15 minutter. Smak til om behov. Tøm salaten i bollen som er kledd med kinakålblad.

Blir servert med kinakålblad eller pitabrød.

Denne porsjonen rekk til 6-8 porsjonar.