Kryddersylta plommer
18/11/2013 Éin kommentar
Lise Finkenhagen har ei oppskrift på dette:
1kg plommer
1 l vatn
2 stk vaniljesteng
2 stk kanelsteng
2 stk stjerneanis
8 stk nellikspiker eller heil allehånde
8 stk kardemommekapslar
Dypp plommene i kokande vatn til skinnet tek til å sprekke og flå dei.
Kok opp vatn, sukker, splitta vanilje og resten av kryddene. La den koke i 5 min. Legg i plommene og ladei koke i 5-10 min. Dei skal bli gjennomvarme, men ikkje for blaute. Løft dei opp og legg dei i reine, varme glas. Gje så laken eit nytt oppkok og slå den over plommene. Glaset skal vere heilt fullt. Set på lokk og oppbevar dei kjøleg.
Lekkert!!!! Takk for oppskrifta, dette så skikkelig namnam ut!