Kryddersylta plommer

Kryddersylta plommerLise Finkenhagen har ei oppskrift på dette:

1kg plommer

1 l vatn

2 stk vaniljesteng

2 stk kanelsteng

2 stk stjerneanis

8 stk nellikspiker eller heil allehånde

8 stk kardemommekapslar

Dypp plommene i kokande vatn til skinnet tek til å sprekke og flå dei.

Kok opp vatn, sukker, splitta vanilje og resten av kryddene. La den koke i 5 min. Legg i plommene og ladei koke i 5-10 min. Dei skal bli gjennomvarme, men ikkje for blaute. Løft dei opp og legg dei i reine, varme glas. Gje så laken eit nytt oppkok og slå den over plommene. Glaset skal vere heilt fullt. Set på lokk og oppbevar dei kjøleg.

 

One Response to Kryddersylta plommer

  1. Trine's avatar Trine says:

    Lekkert!!!! Takk for oppskrifta, dette så skikkelig namnam ut!

Legg att svar til Trine Avbryt svar