Raudvinsylta plommer

er ei eldre oppskrift som kan brukast både til stekt kjøtt, kraftig ost eller som dessert til mandelkake eller kanel-is.

Ingrediensane er:

1 kg blå eller raude modne og faste plommer

Krydderlake:

  • 0,5 l raudvin
  • 2 ss raudvinseddik
  • 2ss balsamicoeddik
  • 500g ljost røyrsukker
  • 2 laurbærblad
  • 6 heile nellikar
  • 2 kanelstenger
  • 10 pepparkorn
  • 2 cm fersk ingefær

Skyl og tørk plommene, Prikk dei med stoppenål og legg dei på reine glas. Kok opp laken og silden  over plommene. ta vare på krydderet- Dekk glassene og set dei i kjøleskap til neste dag. Sil frå laken og tilset krydderet og kok det godt opp ein gong til. Sil laken over plommene og ta vare på krydderet. Dekk plommene til på nytt og set dei i kjøleskap til neste dag. Da skal plommene kokast i laken med krydderet. Ta plommene opp med holsleiv og legg dei på reine glas. Kok til slutt laken i 4-5 minutter, sil den og hell den over plommene. Fordel til slutt krydderet i glasene. Skru lokka tett på og oppbevar plommene mørkt og kjøleg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: