Haust og frost
12/10/2012 Éin kommentar
Lauvfall, vatn og minusgrader på natta.
Livet – med hus, hage, dyr og noko attåt
07/10/2012 Kommenter innlegget
Eit kvarters gange frå Karistugu ligg Singsås gamle kyrkjegard rett ved Pilgrimsleia mot Nidaros. Her sto det frå gammalt av ei stavkyrkje som det er mykje historie rundt. Den vart fjerna på slutten av 1800-talet, men kyrkjegarden er teken vare på og etter kvart freda. I sommar vart det sett opp eit kapell her som er bygd etter modell av den gamle stavkyrkja.
Her er lenke til vigslinga tidlegare i haust: http://www.kirken.no/nidaros/index.cfm?id=384306
12/08/2012 Kommenter innlegget
Synest det er fint med små fjellplanter og har planer om å lage kar i kunst-tuff til å plante dei i – og nå har eg omsider funne oppskrift på det:
2 delar torv
1 del sement
3 delar grov sand
Dette skal blandast som når ein blandar sement. Her kan ein og blande i måling om ein vil ha ei bestemt farge.
Denne blandinga kan formast både til steinar og andre figurar. Større ting må forsterkast med f eks hønsenetting. Om ein vil lage plantekar så hugs å lage dreneringshol i botnen!
Og om ein vil ha mose til å vekse på utsida – så smør ein på yoghurt.
12/08/2012 Kommenter innlegget
er ei heimelaga blanding for å få unna lus og andre uønska krek på planter og blomster.
Oppskrifta er:
2 spiseskeier grønsåpe
2 spiseskeier bakepulver
2 spiseskeier raudsprit
1 l vatn
Bland saman og ha i dusjeflaske.
Oppskrifta er lånt frå Tor Småland si bok Hagehåndboka
26/07/2012 Kommenter innlegget
Her er ei lenke til ein hage i klimasone 8: http://ingridshage.blogspot.no/
Ta en titt hjå henne og sjå kva som veks når ho ikkje fortel plantene kvar dei eigenleg høyrer til.
23/07/2012 Kommenter innlegget
Og sjå korleis http://naturhuset.blogg.no/ kombinerer det med ein solardom – eit kjempestort drivhus som dei skal bu i på Sandhornøya i Nordland.
23/07/2012 Kommenter innlegget
Dette var det både artig og spennande å lage! «Oppskrift» fann eg her: http://www.overthegardengate.co.uk/userpages/pp_view.asp?FName=Pauliens%20Leaves&Page=1
Eg brukte drill til å blande med – og så langt har eg ikkje prøvd å blande i måling for å få farge – men det skal prøvast!
23/07/2012 Kommenter innlegget
Når det regnar ute er det alltid noko å halde på med inne. Denne gongen vart det tapet på ein soveromsvegg.
Den heiter Falsterbo og er frå Borås Tapeter.
09/07/2012 Kommenter innlegget
er ei snodig plante. Etter kvart meir eller mindre sett på som ugras fordi den spreier seg så fort. Men den har kvalitetar som er vel verd å ta vare på – bla fordi dei forbetrar jorda der dei veks ved å samle nitrogen direkte frå lufta via røtene. Les meir om det her: http://www.haraldsvik.no/planter_lupin.html