Drivhus….

Rosemoor

Eg drøymer om drivhus  – særleg når det regnar. Kunne gjerne tenkt meg eit slikt. Dette er det http://www.solfang.no som sel.  Men sidan det eg har fullt av gamle vindauge på låven så er det nok dei som blir tekne i bruk etter kvart.

Hage med kontrastar

Kom nettopp over ein spennande hageblogg: http://blogg.aftenbladet.no/hage/ Kan bli reint filosofisk av å lese i den!

Fórvalurt

Fekk ei lita rot i fjor haust. Er spent på kor mykje den kjem til å spreie seg. Kompost og avkok av valurt skal vere veldig bra næring til andre planter – omtrent som brennesle.

 

Ny hagelenke

Kom over denne lenka da eg leita etter informasjon om ei plante: http://www.hageplanlegging.com/ Mykje spennande om både planter og prosjekt i hagen!

Det blomstrer

This slideshow requires JavaScript.

Rabarbratid betyr «Rabarbrakake»

Deig:

Pisk saman 125 g smør og 2 dl sukker til smørkrem.  Tilset 2 egg – eit om gongen. Bland inn 3 dl kveitemjøl, (2 ts vaniljesukker) og 1 ts bakepulver. Det blir finast om det tørre siktast først. Ha deigen i rund form på ca 22 cm.

Fyll:

Del 150 g renska rabarbra ( ca 3 stilkar) opp i små bitar som du stikk ned i røra. Strø over 2 ss sukker og 1/2 ts kanel.

 

Steik ved 180 gr i ca 45 minutter.

Server gjerne lunken med krem eller vaniljeis til. Kaka kan og frysast.

(Har ikkje prøvd, men trur den vil vere god med ostekrem på…)

Vårtur over Dovrefjell

Gulrotkake

Saftig og deilig kake med krydder og luftig ostekrem.
Foto: Jan Soppeland
Tidsforbruk  1 time eller mer Vanskelighetsgrad  Lett
INGREDIENSER:
4  egg
3 dl  sukker
3 dl  hvetemel
2 ts  natron
2 ts  kanel, malt
1 dl  olje
5 dl  gulrøtter
75 g  smør
150 g  melis
FRAMGANGSMÅTE:

Sett stekeovnen på 170 grader.

Skrell og riv gulrot. Pisk egg og sukker til eggedosis. Sikt sammen hvetemel, kanel og natron. Hell oljen i eggedosisen og bland det godt inn. Vend inn det tørre. Ha til slutt i reven gulrot.

Ha røren i en smurt rund springform 26 cm. Stek kaken i ca. 1 time. Avkjøl.

Krem: Rør sammen smør og melis til en luftig masse. Tilsett deretter kremosten. Smør det på kaken og lag et mønster med gaffel.

Oppskrift og bilde fra http://www.dinmat.no

Noko å varme seg på

Krydderdrikke laga av kanel, kardemomme, nellik, ingefær og svart pepar  – med mjølk og litt honning. Nesten like godt som heimlaga varm sjokolade.