Haustblomstring i Trondheim
21/08/2011 Kommenter innlegget
Livet – med hus, hage, dyr og noko attåt
19/08/2011 Kommenter innlegget
Håper denne tåler klimaet her! Triveleg med roser i blomst – men er litt bekymra for netter ned mot frost….
14/08/2011 Kommenter innlegget
Omsider har vi fått lagt nytt belegg i trappa på Solvang – frå kjellar til loft. Har dessverre ikkje før-bilete, men det var ljost slitent vibylbellegg frå kjellar til 1.etasje og vegg-til-vegg teppe -som ein gong var ljost- vidare opp til loftet.
Valgte å bruke eit ganske mørkt belegg. Synest det er fint med kontrasten mot det ljose ellers. Det er lett å vaske og det viser ikkje så lett skitt på det. Og same farge og materiale i heile trappa gjev ei fin heilheit i oppgangen.
11/08/2011 Kommenter innlegget
09/08/2011 Kommenter innlegget
08/08/2011 Kommenter innlegget
For nokre månader sidan fann eg eit blad som eg synest er bra. Det er Isabellas – og innheld mykje om mangt når det gjeld årstider, mat, hus og hage. Sjå meir på lenka på høgre side.
08/08/2011 Kommenter innlegget
Stengetid på gartneri betyr rimelege planter. Her er noko av det eg fann på siste opningsdagen for sesongen på eit mindre gartneri i Trondheim.
Er spent på om desse klarer seg her på Singsås! Dei har fått plassar i hagen som skal gje dei så gode sjanser som mogleg. Klematisen har fått plass ved klatrebogen inn mot bakhagen – der er det ganske lunt og både jord og soltilhøve skal gje den bra veksttilhøve. Peonen har fått plass i nærleiken av flaggstanga – der er det bra jord for den på denne ellers så sandfylte plassen. Alfred fekk plass mellom furuene i nærleiken av den mest brukte uteplassen.
08/08/2011 Kommenter innlegget
Berner Sennen Kasper ferierer hjå oss i sommar. Her med Sara.