Haust i Trondheim

og isen vart varm….

Kunst i naturen

Siste tur med mc i haust?

Haust og frost

 

Lauvfall, vatn og minusgrader på natta.

Singsås gamle kyrkjegard

Eit kvarters gange frå Karistugu ligg Singsås gamle kyrkjegard rett ved Pilgrimsleia mot Nidaros. Her sto det frå gammalt av ei stavkyrkje som det er mykje historie rundt. Den vart fjerna på slutten av 1800-talet, men kyrkjegarden er teken vare på og etter kvart freda. I sommar vart det sett opp eit kapell her som er bygd etter modell av den gamle stavkyrkja.

This slideshow requires JavaScript.

Her er lenke til vigslinga tidlegare i haust: http://www.kirken.no/nidaros/index.cfm?id=384306

Titt titt ….

her er jeg!

Denne vart planta i fjor sommar – og har heldigvis ikkje skjøna at den eigenleg ikkje skulle vekse her. Sjå http://www.nrk.no/programmer/tv/gronn_glede/planteguiden/?action=Plant&plantId=2924 for meir informasjon.

Kunst-tuff

Synest det er fint med små fjellplanter og har planer om å lage kar i kunst-tuff til å plante dei i – og nå har eg omsider funne oppskrift på det:

2 delar torv

1 del sement

3 delar grov sand

Dette skal blandast som når ein blandar sement. Her kan ein og blande i måling om ein vil ha ei bestemt farge.

Denne blandinga kan formast både til steinar og andre figurar. Større ting må forsterkast med  f eks hønsenetting. Om ein vil lage plantekar så hugs å lage dreneringshol i botnen!

Og om ein vil ha mose til å vekse på utsida – så smør ein på yoghurt.

Grøbarø

er ei heimelaga blanding for å få unna lus og andre uønska krek på planter og blomster.

Oppskrifta er:

2 spiseskeier grønsåpe

2 spiseskeier bakepulver

2 spiseskeier raudsprit

1 l vatn

Bland saman og ha i dusjeflaske.

Oppskrifta er lånt frå Tor Småland si bok Hagehåndboka

Hage på Lora

Her er ei lenke til ein hage i klimasone 8: http://ingridshage.blogspot.no/

Ta en titt hjå henne og sjå kva som veks når ho ikkje fortel plantene kvar dei eigenleg høyrer til.