Cob – ein spennande måte å bygge hus på!
23/07/2012 Kommenter innlegget
Og sjå korleis http://naturhuset.blogg.no/ kombinerer det med ein solardom – eit kjempestort drivhus som dei skal bu i på Sandhornøya i Nordland.
Livet – med hus, hage, dyr og noko attåt
23/07/2012 Kommenter innlegget
Og sjå korleis http://naturhuset.blogg.no/ kombinerer det med ein solardom – eit kjempestort drivhus som dei skal bu i på Sandhornøya i Nordland.
23/07/2012 Kommenter innlegget
Dette var det både artig og spennande å lage! «Oppskrift» fann eg her: http://www.overthegardengate.co.uk/userpages/pp_view.asp?FName=Pauliens%20Leaves&Page=1
Eg brukte drill til å blande med – og så langt har eg ikkje prøvd å blande i måling for å få farge – men det skal prøvast!
23/07/2012 Kommenter innlegget
Når det regnar ute er det alltid noko å halde på med inne. Denne gongen vart det tapet på ein soveromsvegg.
Den heiter Falsterbo og er frå Borås Tapeter.
12/07/2012 Kommenter innlegget
er ein libanesisk salat der mynte er ein av ingrediensane. Kvar husmor har si oppskrift.
75 g burghul (knuste kveitekorn) skyll og bløyt i fleire vatn.
1 agurk, skrelt og skore i småbitar
4 tomater skore i småbitar
1 grøn paprika rensa for frø og skore i småbitar
1/2 lauk småhakka – kan erstattast med vårlauk
4 ss hakka persille
2 ss hakka mynte
1 ts salt
Saft av 2-3 sitroner
4 ss olivenolje
1 kinakål reve i småbitar. Ta av nokre blad som du bruker til å «kle» bollen med på innsida.
Bland dei oppdelte grønsakene med persille, mynte og burghul før du blandar inn sitronsaft, olivenolje og salt. Bland godt saman og la det stå i 15 minutter. Smak til om behov. Tøm salaten i bollen som er kledd med kinakålblad.
Blir servert med kinakålblad eller pitabrød.
Denne porsjonen rekk til 6-8 porsjonar.
09/07/2012 Kommenter innlegget
er ei snodig plante. Etter kvart meir eller mindre sett på som ugras fordi den spreier seg så fort. Men den har kvalitetar som er vel verd å ta vare på – bla fordi dei forbetrar jorda der dei veks ved å samle nitrogen direkte frå lufta via røtene. Les meir om det her: http://www.haraldsvik.no/planter_lupin.html
09/07/2012 Kommenter innlegget

Eg drøymer om drivhus – særleg når det regnar. Kunne gjerne tenkt meg eit slikt. Dette er det http://www.solfang.no som sel. Men sidan det eg har fullt av gamle vindauge på låven så er det nok dei som blir tekne i bruk etter kvart.
28/06/2012 Kommenter innlegget
Kom nettopp over ein spennande hageblogg: http://blogg.aftenbladet.no/hage/ Kan bli reint filosofisk av å lese i den!