Kunst-tuff

Synest det er fint med små fjellplanter og har planer om å lage kar i kunst-tuff til å plante dei i – og nå har eg omsider funne oppskrift på det:

2 delar torv

1 del sement

3 delar grov sand

Dette skal blandast som når ein blandar sement. Her kan ein og blande i måling om ein vil ha ei bestemt farge.

Denne blandinga kan formast både til steinar og andre figurar. Større ting må forsterkast med  f eks hønsenetting. Om ein vil lage plantekar så hugs å lage dreneringshol i botnen!

Og om ein vil ha mose til å vekse på utsida – så smør ein på yoghurt.

Grøbarø

er ei heimelaga blanding for å få unna lus og andre uønska krek på planter og blomster.

Oppskrifta er:

2 spiseskeier grønsåpe

2 spiseskeier bakepulver

2 spiseskeier raudsprit

1 l vatn

Bland saman og ha i dusjeflaske.

Oppskrifta er lånt frå Tor Småland si bok Hagehåndboka

Mynte

blir mykje brukt i mat i bl a Midt-Østen.

Lupinar

er ei snodig plante. Etter kvart meir eller mindre sett på som ugras fordi den spreier seg så fort. Men den har kvalitetar som er vel verd å ta vare på – bla fordi dei forbetrar jorda der dei veks ved å samle nitrogen direkte frå lufta via røtene. Les meir om det her: http://www.haraldsvik.no/planter_lupin.html

Drivhus….

Rosemoor

Eg drøymer om drivhus  – særleg når det regnar. Kunne gjerne tenkt meg eit slikt. Dette er det http://www.solfang.no som sel.  Men sidan det eg har fullt av gamle vindauge på låven så er det nok dei som blir tekne i bruk etter kvart.

Fórvalurt

Fekk ei lita rot i fjor haust. Er spent på kor mykje den kjem til å spreie seg. Kompost og avkok av valurt skal vere veldig bra næring til andre planter – omtrent som brennesle.

 

Ny hagelenke

Kom over denne lenka da eg leita etter informasjon om ei plante: http://www.hageplanlegging.com/ Mykje spennande om både planter og prosjekt i hagen!

Det blomstrer

This slideshow requires JavaScript.

Rabarbratid betyr «Rabarbrakake»

Deig:

Pisk saman 125 g smør og 2 dl sukker til smørkrem.  Tilset 2 egg – eit om gongen. Bland inn 3 dl kveitemjøl, (2 ts vaniljesukker) og 1 ts bakepulver. Det blir finast om det tørre siktast først. Ha deigen i rund form på ca 22 cm.

Fyll:

Del 150 g renska rabarbra ( ca 3 stilkar) opp i små bitar som du stikk ned i røra. Strø over 2 ss sukker og 1/2 ts kanel.

 

Steik ved 180 gr i ca 45 minutter.

Server gjerne lunken med krem eller vaniljeis til. Kaka kan og frysast.

(Har ikkje prøvd, men trur den vil vere god med ostekrem på…)

Appelsin- og gulrotsuppe

INGREDIENSER

4 porsjoner
  • 1 stk løk, hakket
  • 500 g gulrot i tynne skiver
  • 1 fedd hvitløk, hakket
  • 10 g frisk ingefær, revet
  • 1 ss smør
  • 1 l kyllingbuljong
  • 2 dl appelsinjuice
  • 2 ss lettrømme
  • 1 ss kruspersille, finhakket
  • 1 ts salt
  • 0,5 ts pepper

FREMGANGSMÅTE

Fres løk, gulrøtter, hvitløk og ingefær i smør til det er mykt, men ikke brunt. Hell på hønsebuljong og kok grønnsakene til de er godt møre. Mos suppen og kok den opp med appelsinjuice. Smak suppen til med salt og pepper og server den rykende varm med en topp rømme og grønt.