02/03/2014 Kommenter innlegget
Frokost med omelett, smakfulle små tomatar og rundstykke av spelt med ferskpressa appelsinjuice til – og yoghurt med valnøter og akasiehonning. Og sjølvsagt kaffe til.
Livet – med hus, hage, dyr og noko attåt
02/03/2014 Kommenter innlegget
Frokost med omelett, smakfulle små tomatar og rundstykke av spelt med ferskpressa appelsinjuice til – og yoghurt med valnøter og akasiehonning. Og sjølvsagt kaffe til.
16/02/2014 Kommenter innlegget
Har fått tips om ein bra nettstad som har informasjon om økologisk dyrking og å bruke naturen som rensing: http://obesprutat.com
Sjå til dømes denne sida:
http://obesprutat.com/2014/02/08/de-sju-vaxterna-som-bast-rensar-ditt-hem-pa-kemikalier/

27/01/2014 2 kommentarar
Livet er ikkje det same utan hund. Så Dandi kom til oss før jul. Ho har levd sju år utan katt så det tok litt tid å få henne til å godta Florian. Her på tur i «kamuflasjeterreng».
27/01/2014 Kommenter innlegget
Var heldig og fekk eit gavekort på blomsterbutikk – det skal bli bytta i eit epletre når det blir tid for planting.
01/12/2013 Kommenter innlegget
I løpet av sommaren vart det ny plen samt at det vart ny drenering på halve huset. Det vart omsider måla og det vart nytt strøminntak.
01/12/2013 2 kommentarar
Kok opp vatn, sukker og kanel. Hell laken kokande over sviskane. Tilset mandlane og hell over vinen. La det atå og trekke i 12-24 timer.
Server med krem og sprø julekake.
4 porsjonar.
01/12/2013 Kommenter innlegget
er ei eldre oppskrift som kan brukast både til stekt kjøtt, kraftig ost eller som dessert til mandelkake eller kanel-is.
Ingrediensane er:
1 kg blå eller raude modne og faste plommer
Krydderlake:
Skyl og tørk plommene, Prikk dei med stoppenål og legg dei på reine glas. Kok opp laken og silden over plommene. ta vare på krydderet- Dekk glassene og set dei i kjøleskap til neste dag. Sil frå laken og tilset krydderet og kok det godt opp ein gong til. Sil laken over plommene og ta vare på krydderet. Dekk plommene til på nytt og set dei i kjøleskap til neste dag. Da skal plommene kokast i laken med krydderet. Ta plommene opp med holsleiv og legg dei på reine glas. Kok til slutt laken i 4-5 minutter, sil den og hell den over plommene. Fordel til slutt krydderet i glasene. Skru lokka tett på og oppbevar plommene mørkt og kjøleg.
30/11/2013 Kommenter innlegget
Medan vi venter på vår og sommar så kjem det godt nytt:
NRK melder at «Frå og med måndag innfører EU forbod mot bruk av tre ulike sprøytemiddel som kan stå bak massiv biedød.» Sjå her: http://www.nrk.no/viten/forbod-mot-biedod-sproytemiddel-1.11387087
18/11/2013 Éin kommentar
Lise Finkenhagen har ei oppskrift på dette:
1kg plommer
1 l vatn
2 stk vaniljesteng
2 stk kanelsteng
2 stk stjerneanis
8 stk nellikspiker eller heil allehånde
8 stk kardemommekapslar
Dypp plommene i kokande vatn til skinnet tek til å sprekke og flå dei.
Kok opp vatn, sukker, splitta vanilje og resten av kryddene. La den koke i 5 min. Legg i plommene og ladei koke i 5-10 min. Dei skal bli gjennomvarme, men ikkje for blaute. Løft dei opp og legg dei i reine, varme glas. Gje så laken eit nytt oppkok og slå den over plommene. Glaset skal vere heilt fullt. Set på lokk og oppbevar dei kjøleg.
13/09/2013 2 kommentarar
«Verdens beste kompis» Sara vandra vidare førre veke. Det er tomt i hus og hage utan henne.